21. februar 2017

Årsmøte og 30-års-markering med æresmedlemskap til Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen

Kvæfjord historielag heidra to av medlemmane sine med æresdiplom på årsmøtet sitt.  Det var rundt 60 av dei 130 medlemmane som hadde møtt opp for å markere 30 års arbeid med lokalhistorie i Kvæfjord. Dei frammøtte fikk høre Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen fortelje frå dei første åra, og møtedeltakarane fikk sjå ein bildekavalkade frå ei vel 30-årig lagshistorie.

Arne-Johan Johansen fortel frå oppstarten av historielaget

Bildekavalkade frå 30 års historielagsarbeid
Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen fikk æresdiplom for over 30 års arbeid i historielaget. Begge var med i det første styret som blei etablert i 1986. Salen har sete i styret i ei årrekke, og ho har i 14 år vore aktiv med å organisere «Tingene forteller» for elevar frå barneskolen på Krambua.
Johansen har vore leiar i 15 år og styremedlem i like mange år. Men ikkje minst så har begge to vore redaktørar for Årbok for Kvæfjord i 30 år. Det er frå før tildelt tre æresdiplom i historielaget
Æresmedlemskap og diplom til Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen
Årsmeldinga viste at Kvæfjord historielag har vore gjennom eit svært aktivt år. Det har vore stappfulle møte både om andre verdskrig og om den lokale malaren Petter Fredriksen. I tillegg har laget arrangert historisk vandring og hatt open krambu. Laget sel fleire hundre årbøker og kalendrar kvart år, og dette skaffar laget eit lite overskott til drifta.

Styret blei gjenvalt på årsmøtet. Magne Heide er leiar, mens dei øvrige i styret er Geir Hagen, Stein Gunnar Moksness, Mari Wikeland og Arne-Johan Johansen. Styret har sett opp ein arbeidsplan for dette året som viser høg aktivitet framover. Laget skal blant anna gjennomføre ei stadnamn-innsamling som er finansiert av Språkrådet, og det er planlagt både medlemstur og fleire møte utover i året.

Dei første 30 åra til historielaget blei markert med ein middag for rundt 60 påmeldte medlemmar. Det var elevar og lærarar ved Restaurant og matfag på Rå videregående skole som stod for serveringa, og dei blei behørig takka etterpå.
Takk til elevar frå Restaurant og matfag ved Rå vgs
Under 30-årsmarkeringa fortalte Geir Hagen historia om kakeboksane frå Johan C. Fochsen. Dette kjem vi tilbake til med ein artikkel i Årbok for Kvæfjord.
Geir Hagen fortel om kakeboksane frå Johan C. Fochsen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.