Kvæfjord historielag inviterer alle medlemmar og interesserte til to krambu-arrangement:
Lokalhistorisk besøk i Krambua på Strand
Kvæfjord historielag sin årlige lokalhistoriske tur vil i år gå til Strand der vi skal besøke Krambua som har vore i drift frå tidlig til seint 1900-tal.
Arnfinn Strand vil ta imot oss og opne dørene til dette spesielle bygget som alle har sett når dei har kjørt forbi på veg innover eller utover bygda.
Det er oppmøte klokka 1830. Parkering er på oversida vegen, på Arnfinn Strand sin eigedom, nedafor og ovafor fjøsen. Det er begrensa parkering, så kjør gjerne fleire saman.
Vi satsar på ein liten kaffekopp og kanskje ein kakebit. Dersom vêret tillèt det, tar vi dette ute; blir det dårlig vêr, blir det "ståande buffé" inne. Det kan vere lurt å kle seg etter vêret.
"Tingene forteller" på Krambua på Borkenes
Som vanlig vil 4. klasse ved Borkenes skole vise sine historiske ting på Krambua til historielaget på Borkenes på formiddagen. Stikk gjerne innom og sjå.